Historien bak Rasdal Catering
Det starta rundt kjøkkenbordet heime i Klokkarvik. Med ein lidenskap for gode råvarer, erfaring frå kokkefaget og eit sterkt ynskje om å gjera kvardagen litt betre og meir smakfull for dei rundt meg.
Mitt namn er Markus Rasdal. Eg er fødd og oppvaksen med ein djup respekt for god mat. Allereie som 16-åring tok eg mine første steg inn i matbransjen hos H. Brakstad, der eg lærde verdien av skikkelig handverk, kvalitet og stolthet i faget. Seinare gjekk vegen vidare til kokkelære på Hurtigruten. Sjølv om livet på sjøen ikkje var heilt den rette matchen for meg, tok eg med meg uvurderleg lærdom, høgt tempo og kokkefaglege teknikkar tilbake til fastlandet.
Ein prat med mamma vart gnisten
Idéen til Rasdal Catering vart fødd gjennom ein samtale med mi mor. Ho jobbar i heimesjukepleien i gamle Sund kommune, og vi snakka ofte om kvardagen til de eldre i lokalmiljøet. Ho fortalde korleis mange seniorar åt den same, enkle maten opp til fire gonger om dagen. Når maten blir einsformig, søkkjer matlysten – og det går ut over både helse og livsglede.
Det traff meg i hjartet. Kvifor skal dei som har bygd landet vårt sitja med kjedeleig og einsformig mat, når dei fortener det aller beste?
Eg bestemte meg for å gjera noko med det. For 1,5 år sidan starta eg i det små på mitt eige kjøkken. Eg byrja å laga næringsrike, smakfulle og ekte heimelaga middagar, pakka i porsjonar, og selde til vener og familie. Responsen var overveldande.
Ei lita cateringbedrift med stor omtanke
I dag held Rasdal Catering til i Klokkarvik, der all produksjon føregår under strenge kvalitetskrav. Konseptet vårt er enkelt, men kompromissløst: «Den enklaste med den høgaste kvalitet.»
Vi lagar maten heilt frå bunnen av – akkurat slik du ville gjort det sjølv, om du hadde tidene og kreftene. Rettane leverast i porsjonar som setjast rett i kjøleskapet eller frysen, og som enkelt kan varmast opp i mikrobølgeovnen når sulten melder seg.
For meg handlar ikkje Rasdal Catering berre om å metta magar. Det handlar om å bringa matgleda tilbake på bordet til seniorane i Sund og omegn. Det handlar om å gje pårørande ein tryggleik på at foreldra får i seg den næringa dei treng. Og mest av alt handlar det om stor omtanke i kvar einaste bit.
Velbekomme!
Kokk og gründer Markus Rasdal er oppvaksen i Tælavåg.
Markus Rasdal
Kokk og gründer, Rasdal Catering
